Tenester


I butikken vår i Bakkegata 2 i Odda har me eigen verkstad. Her utfører me mange typar reparasjonar. Me graverer på dåpsgåver og smykke, me reinsar og polerer, me pussar bunadsølv og byter batteri og lenker på klokker. Her lagar me også bunadsbeltet ditt i skinn, med beltestølar i sølv.

Bunadsølv

Me skaffar alt du treng til bunaden din. Ta kontakt eller kom innom oss i butikken, så hjelper me deg meir enn gjerne.

Sølvbelte

Me lagar sølvbelte til bunaden din i butikken hjå oss. Her går me ut i frå midjemål.

Reparasjon

Dei reparasjonane me ikkje kan handtera sjølv, får me hjelp til av to dyktige gullsmedar som me samarbeider med. Gullsmed Ingvald Harkestad i Bergen og vår lokale gullsmed, Siri Kvalfoss, som har laga ordførarkjeda til Ullensvang kommune.

Desse to driv og med redesign av gamalt gull og sølv, om du er interessert i gjenbruk og redesign.

Batteri og lenkeskift

Treng klokka di nytt batteri, lenke, barrett eller anna? Me hjelper deg.

Firmagåver

Me ordner også firmagåver og premier til idrettslag. 

Kom gjerne innom oss, eller kontakt oss på post@berggullogsolv.no om du har spørsmål om reparasjonar eller anna vedlikehald av smykka dine!