Om oss

Berg Gull og Sølv Eftf. AS er ei kjedeuavhengig gullsmedforretning som held til i Odda i Ullensvang kommune.
Nærare bestemt i Bakkegata 1 i gågata. Me har også ein gullsmedbutikk i Rosendal.

Berg Gull og Sølv Eftf. AS er ein gullsmedbutikk som har eit rikhaldig utval frå Noregs største leverandørar innan bunadsølv, dåpsgåver, sølvtøy, smykke i gull og sølv, diamantsmykke og klokker.

Sølv til Hardangerbunad er vår spesialitet!
Berg Gull og Sølv Eftf. har eigne lisensar som me har einerett på, til ulike delar til Hardangerbunaden.
Det er ingen andre i landet som kan skaffe deg desse delane. 
Dette gjeld f.eks. handskåren stor sølje, epleblom støl til skinnbelte, englespenne og maljer til Røldalsbunaden. Alle delane kan ein få i forgylt sølv og oksidert sølv. Sølvet vårt blir produsert som leigeproduksjon hjå Sylvsmidja på Voss.
Vårt sølv kjem med same garanti som dei gjev på sin eigen produksjon, livstidsgaranti på produskjonsfeil.
Me skaffar deg alt du måtte trenge av bunadsølv, uansett kva bunad du har.
Treng du sølvbelte til bunaden din?
Me lagar det på dagen til deg, i verkstaden i vår butikk.

Me som jobbar her elskar arbeidsplassen vår, og me vil gjere vårt ytste for at du skal få ei super handleoppleving. Me gleder oss til å høyre frå nettop deg!

Velkommen til oss!

© Robust
Utvilket av:
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram