Historikk

Historia heilt frå byrjinga av:

Gullsmeden i Bakkegata har lange tradisjonar i Odda.

Anders Moen og Guttorm Ormberg kom frå Jostedalen til Odda den 1. mai 1931. Dei overtok først urmakarforretninga til Johannessen og starta urmakarfirmaet Moen & Ormberg. Moen tok sveinebrev som gullsmed, og opna eigen gullsmedforretning i same bygg.

I 1970 var det H.Gams. Haugsøen som kjøpte og drifta gullsmeden til Moen og Ormberg. Dei tilsette Olav Berg som dagleg leiar, det var han i 20 år før han kjøpte opp butikken og dreiv den vidare som Berg Gull og Sølv As.

I januar 2014 kjøpte Annette Melkeraaen Hauso butikken av Olav Berg og dreiv den vidare under namnet Berg Gull og Sølv Eftf. AS, noko ho framleis gjer. Sommaren 2018 vart Bakkegata 4 lite eigna som butikklokale etter gjentekne vasskadar.

Me flytta då inn i Tyssedalsvegen 4, desse lokala skulle delast med andre innan same bransje. Lokala vart for store og i april 2020 var me så heldige å få flytta inn i dagens lokale i Bakkegata 2, då var me nesten «heime» igjen.